– Av omsyn til ressursbruk for Vågå kommune og dei skulefaglege/sosiale utfordringane ein liten skule vil medføre for elevane, rår Vågå kommune ifrå at det blir etablert ein privatskule på Tessand, skriv sektorsjef Jan Egil Fossmo i ei uttale til Utdanningsdirektoratet som skal behandle søknaden frå Garmo grendaskule SA.

Stiller seg tvilande

Garmo grendaskule SA har søkt om å få starte opp privatskule på Tessand frå skulestart hausten 2019.

Sektorsjefen i kommunen meiner at ei ny etablering av ein privatskule på 1. – 4. trinn med optimalt 30 elevar vil fragmentere skuletilbodet til elevane i Vågå og gå på tvers av dei gode erfaringane kommunen har gjort ved tidlegare strukturendringar.

Fossmo stiller seg tvilande til om skulebygget på Tessand vil fylle dei krava ein i dag har til godkjenning av skulebygg. Det har ikkje vore skule på Tessand sidan 2010, og barnehagen skal avviklast frå hausten 2018 på grunn av for få ungar.

I brevet til Utdanningsdirektoratet presiserer Fossmo at det ikkje er utarbeidd nokon leigeavtale med Garmo grendaskule SA.

Kom ikkje uventa

Styreleiar Marianne Synslien Husom stadfestar at det ikkje er utarbeidd leigeavtale.

– Vi har fått tilbod med pris for leige av den gamle skulen på Tessand, seier ho.

Styreleiaren for privatskulen seier at uttalen frå Vågå ikkje kom uventa, men ho hadde ynskt at dei hadde sett seg betre inn i saka.

– Dei trur dette er ein 1-4 skule. Vi har godkjenning for 1. - 7. trinn. Planen er at ungane skal starte i 1. - 4. trinn, og vi utvidar klasse for klasse etter som elevane blir større, seier Marianne Synslien Husom.

– Fryktar du at uttalen frå Vågå kommune vil gje avslag på søknaden i direktoratet?

– Nei, det gjer eg ikkje. Det er få kommunar i landet som er positive til slike etableringar.

– Om de får positivt svar på søknaden, kva gjer de om de likevel ikkje får leige skulen på Tessand?

– Då får vi gå nokre runder til. Vi brukar energien vår på Tessand, seier Marianne Synslien Husom optimistisk.

- Vi brukar energien vår på Tessand, seier styreleiar Marianne Synslien Husom i Garmo grendaskule SA. Ein ser for seg hovudsakleg å rekruttere elevar frå Lom og Vågå og kanskje Skjåk og Sel. I fyrste omgang er det tenkt ein skule med 1. – 4. trinn, og ein set ein maksgrense for elevar på 30, ut frå kva det er plass til på skulen. Foto: Arve Danielsen