ANNONSØRINNHALD

Actionkamera til Lalm

Denne veka har vi utført den andre trekninga trekninga i lokalhandelkampanjen "E handla lokalt". Vi har også ei ekstratrekking ...
Nyheiter

Kirsten Bråten frå Lalm vann det andre gåvekortet i "E handla lokalt"-kampanjen. Ho har handla lokalt på Coop Marked Lalm.

Men vi har ein EKSTRAPREMIE også denne månaden...

Heitebølgja har vore over oss i nokre veker og det er skikkeleg ferievær. Dette innbyr til fartsfylte aktivtetar som sykling og ymse sportar i vatn. Opplevingar og utfordringar som bør dokumenterast. Med eit såkalla GoPro-kamera festa på til dømes hjelmen kan du ta både video og stillbilete.  Power i Skjåk sel slike kamera og har gjeve oss eit GoPro Hero4 Session actionkamera som ekstrapremie denne månaden. Vi set pris på alle bidrag for å setje fokus på lokal handel og lokalt næringsliv og har trekt ut ein vinnar av dei som har levert deltakarkupongar i mai. Den heldige er Arild Olderløkken frå Lalm. Han har handla lokalt hjå Coop Marked på Lalm...

Lykke til med premien - det blir full action i sommar?