Ulykke i Bøverdalen

To bilar har kollidert på fylkesveg 55 Sognefjellsvegen ved Sulheim i Bøverdalen.

Ulykke: Naudetatane er på plass i Bøverdalen etter ei ulykke på fylkesveg 55 Sognefjellsvegen. Luftambulansen er på veg.   Foto: arkiv

Nyheiter

To bilar har har kollidert på rettstrekka utanfor Sulheim på fylkesveg 55 Sognefjellsvegen i Bøverdalen.

Ein av bilane ligg i grøfta. Det var ein person i kvar bil.

I følgje operasjonssentralen ved Innlandet politidistrikt sit ein person fastklemt og må frigjerast.

Brann og politi er på plass. Luftambulansen er på veg.

Saka blir oppdatert.