Trekkspelklubben får kulturprisen

Vågå trekkspelklubb får kulturprisen for Vågå for 2017.

Kulturpris: Vågå trekkspelklubb får Vågå kommune sin kulturpris for 2017.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Kulturprisen for Vågå blir for 2017 gjeve til Vågå Trekkspelklubb.

Jury for tildelinga er Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg.

I grunngjevinga er blant anna dette lagt til grunn:

  • Vågå Trekkspelklubb vart stifta i 1976 og har sidan vore eit aktivum i musikklivet i Vågå
  • Vågå Trekkspelklubb har gjort eit stort rekrutteringsarbeid
  • Arrangert Vågåtreffen gjennom 40 år som har samla store mengder av enkeltspelmenn og grupper i Vågå kvart år.
  • Profilert Vågå på ein positiv måte gjennom alle år
  • Flinke stille opp på arrangement både i og utanfor bygda
  • Flinke til å gje småkonsertar der det trengs underhaldning, ikkje minst på Vågåheimen
  • Gjeve ut CD-ar, seinast i samband med 35-årsjubileet i 2011

Utdeling av kulturprisen vil skje ved under eit arrangement hausten 2018.