Juvfonna smeltar raskt, istunnelen kan bli øydelagt

Sommarvarmen i mai kan ta knekken på opplevingssenteret i Juvfonna.

Smeltar: Juvfonne er i ferd med å smelte vekk.  Foto: Hans Erik Kjosbakken/arkiv

Nyheiter

Nrk skriv at temperaturen 1.800 meter over havet har lege 6,4 grader over normalen i mai, og at ein er redd konsekvensane.

– Vi fryktar at isen kan smelte raskt, i verste fall allereie i sommar, seier naturrettleiar Dag Inge Bakke til Nrk.

Ein tjukk plastduk er lagt over tunnelen for å hindre rask nedsmelting. Utanfor duken har isen smelta 40-50 centimeter.

Den fyrste istunnelen vart bygt i 2010, to år seinare var den smelta ned. Dagens tunnel vart opna i 2012.