Feiringa starta ute, med hopp og sprett og dans. Etterpå var det servering av jubileumskake og kaffi, før sjølve konserten i kulturstugu tok til.

At Lom musikk- og kulturskule har mange dyktige elevar, er det ingen tvil om. Elevane song eller spelte ulike instrument, og vi kan berre slå fast at dei imponerte stort. Publikum kosa seg og applausen ljoma etter kvart einaste nummer.

Tidlegare elevar dukka òg opp for å vera med på feiringa.

Programleiar Kristbjørn Rossehaug styrte programmet med fast hand. Alt han sa, sa han på rim. Det var underhaldande det òg.

Lom musikk- og kulturskule er snart historie. Det same er Skjåk kulturskule. Frå 1. august 2018 skal dei to kulturskulane slåast saman.