Det var klokka 08.12 at naudetatane fekk melding om ulykka på fylkesveg 55 Sognefjellsvegen.

To bilar hadde frontkollidert på rettstrekka utanfor Sulheim.

Det var ein person i kvar av bilane. Båe sat fastklemt og måtte frigjerast.

Oppdragsleiar ved Innlandet politidistrikt, Stig Folstad Hansen, fortel at båe sjåførane er lokale kvinner.

- Båe vart hardt skadd i ulykka. Den eine er floge med Luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim, den andre er floge til sjukehuset i Ålesund, seier Folstad Hansen.

Årsaken til ulykka er ikkje klarlagt.

Vegen forbi ulykkesstaden er nå opna for fri ferdsel.