Saman med syklane var naturleg nok også førarane, godt vaksne folk med sans for krom og turing - på sykkel.

– Snittalderen i Goldwing Club Norge (GWCN) er faktisk 56 år, så det er vaksne medlemar, fortalde Sidsel Birgitte Hveberg, styremedlem i GWCN, da Fjuken stakk innom laurdag føremiddag. Medlemane er frå alle samfunnslag, men ein Gold Wing er såpass dyr at mange yngre ikkje har råd til å kjøpe - det er kanskje fyrst og fremst difor mange av oss er gråe i håret, sa Hveberg med eit smil.

Gold Wing er ein serie turingmotorsyklar som er laga av Honda. Den fyrste modellen vart introdusert i 1974. Gold Wingen er konstruert for komfortabel køyring over lange distansar.

Det vart halde årsmøte i Lom, men fyrst var rundt 20 syklar på tur over Sognefjellet, med lokale guidar; leiar og nestleiar i Jotunheimen MC-klubb, Erik Bøje frå Vågå og Stein Nårstad frå Otta.