Det er i eit brev til Vågå kommunestyre at dei hovudtillitsvalde uttrykkjer uro kring organiseringa i kommunen.

Brevet er signert HTV-gruppa i Vågå kommune; Utdanningsforbundet, Fagforbundet Vågå, Norsk sjukepleiarforbund og Delta.

Dei viser til det som står på kommunen si heimeside under fana  «Om Vågå kommune» og «Rådmann og adm. organisering».

Her står blant anna:

«Rådmannen har den overordna leiinga av kommunen si samla verksemd. I dette ligg det å legge til rette for og koordinere dei oppgåvene kommunen har, sjå til at politiske vedtak vert gjennomført og føre tilsyn med heile forvaltninga i kommunen. Rådmannen si rolle er både ein funksjon og ei stilling. Denne heilheitlege rolla som kommunen legg til grunn, kan ikkje utøvast av ein person åleine, men blir ivareteke av leiargruppa. Målet for leiargruppa er å leie, utvikle og samordne tenestetilbodet og sikre best mogleg utnytting av menneskelege og økonomiske ressursar til beste for innbyggjarar og i samsvar med vedtekne politiske mål».

Med i utgangspunkt i sitatet, kjem dei tillitsvalde med nokre tankar om organiseringa i kommunen.

– HTV gruppa kan ikkje sjå korleis 1,4 årsverk kommunalsjef skal kunna følgje opp det som står på heimesida. Det er dei to kommunalsjefane som deler ansvarsområda seg i mellom. Kommunalsjefen i full stilling har ansvar for helse, omsorg, barnehage og skule. Dette er dei to største og tyngste ansvarsområda vi har, og er etter vår meining altfor stort for èin person. Kommunalsjefen i 40 prosent stilling har ansvar for tekniske tenester, NAV, kultur og næring, landbrukskontor og skatteoppkrevjar. Slik den administrative leiinga er i dag, er det etter vår meining for knapt med ressursar med tanke på dei oppgåvene som skal løysast. Dette meiner vi at medfører usikkerheit om ansvars- og oppgåvefordeling nedover i organisasjonen. Vi fryktar at dette kan føre til slitasje og at fleire blir sjukemelde på grunn av stor arbeidsmengde, skriv HTV-gruppa.

Dei viser til at det er fleire tilsette som har sagt opp stillingane sine i kommunen den siste tida, til dømes to avdelingsleiarar, tenesteleiar og prosjektleiar.

– Dette var tilsette med verdifull spisskompetanse på sitt fagområde, skriv dei.

HTV-gruppa skriv at dei under evalueringa etter omorganiseringa i 2014, kom med ynskje om tre kommunalsjefar, og eit bindeledd mellom kommunalsjef og tenesteleiarar, som til dømes ein skule- og barnehagesjef.

– Samstundes er vi uroa for omdømet til Vågå kommune som arbeidsgjevar. Til dømes når ein tenkjer på både avvik, og at tilsette med spisskompetanse den siste tida har sagt opp. Når det gjeld arbeidskraft så konkurrerer Vågå kommune om den same arbeidskrafta som nabokommunane. Vågå kommune treng å gjera seg attraktiv som arbeidsgjevar, skriv dei.

HTV-gruppa skriv at dei veit at det blir arbeidd med eit nytt organisasjonskart, og håpar at synspunkta deira blir teke med vidare i prosessen.

– Eg er ikkje ukjent med det HTV-gruppa skriv i brevet, seier ordførar Iselin Vistekleiven i ein kommentar.

Saman med varaordførar Svein Blankenborg (Bygdalista) og opposisjonsleiar Mette Vårdal, utgjer ordføraren den politiske leiinga i kommunen. Desse tre er utvald av formannskapet for å følgje opp rådmannen spesielt.

– Så fort dette vart kjent for politisk leiing, tok vi tak i fleire av utfordringane og vi arbeider med tiltak i forhold til arbeidsgjevarpolitikkken i Vågå kommune, seier Vistekleiven.