Bispevisitas i Skjåk

Biskop Solveig Fiske skal opphalde seg i Skjåk dei neste dagane, og har eit innhaldsrikt program føre seg.

Visitas: Denne veka er det bispevisitas i Skjåk. Tysdag morgon møtte biskop Solveig Fiske staben på kyrkjekontoret.  Foto: Tom Erik Solstad

Biskop og prest: Biskop Solveig Fiske og sokneprest Kåre Gloslie.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Bispevisitasen i Skjåk vart starta tysdag morgon, med morgonbøn i Skjåk kyrkje og møte med staben på kyrkjekontoret.

Det er eit innhaldsrikt program biskop Solveig Fiske skal ta del i denne veka.

På programmet står mellom anna møte med skuleelevar, omvising på den nye barne- og ungdomsskulen, møte med kommunen og politikontakt, bedriftsbesøk, konfirmantbryllaup i Skjåk kyrkje, barnehagebesøk, rundtur i bygda med veteranbuss, plantedugnad, og Storlirunda med Skjåk Turlag.

Bispevisitasen blir avslutta sundag med visitasmesse i Nordberg kyrkje, og visitasforedrag i Dønfoss grendehus.

Førre bispevisitas i Skjåk var i 2009.