«Se! Jeg fant!» er ei morosam førestilling om pannekaker, ein oppfinnsam gris, ein snill ulv og ei smart Rødhette.

Teater Innlandet si førestilling «Se! Jeg fant!» er basert på kjente eventyr. Førestillinga er ein spennande teaterleik, der ungane får vere med og spele i stykket.

Førestillinga passar for ungar mellom 3 og 9 år, og barnslege vaksne.

I rollene finn ein Tom Styve og John Nyutstumo som Broder Grimm og Asbjørn Moe. Saman fortel dei kjente og kjære eventyr med ein ny vri.

I følgje meldingane blir det ikkje spara på humoren. Med på teaterturneen er også ei stor eventyrkiste...

Lalm samfunnshus er ein av stoppestadane til Asbjørn og Grimm. Og det skjer i morgon kveld, tysdag 5. juni.