Damelaget til Lom knuste Faaberg sundag.

Lom skulle spela sjuarfotball for fyrste gong på mange år.

– Vi sleit nok litt med sjuarkoden for vi låg under 1-0. Men jentene kom raskt inn i det. 3 -1 til pause vart til sluttresultatet 12 - 2. Vi varta opp med ein del monsterangrep som virkelig høyrer heime i fotballens ABC. Skal ein pirke på noko i kampen, er det uttellinga. Det vart mange skot i treverk, på keeper og over, men ein kan ikkje skåre på alt heller da, skriv trenar Tor Olav Mundal på Facebook

Damelaget har hatt det ein kan kalle ein bra start på sesongen. Fem seirar av fem moglege og ein målforskjell på 60 - 5..

Faaberg - Lom 2 -12 (1 - 3)Lom sitt lag: Ragnhild Flaten - Rønnaug Mork, Emma Høsteng Haugen - Ingrid Flaten, Lisa Skiaker, Siri Aaboen, Dina Moen, Ingrid Haugtrædet og Rønnaug Sandviken.

Mål Lom: Ingrid F. 4, Rønnaug S. 4, Lisa, Dina, Emma og Ragnhild.