Takka vera bidrag til blomefondet, blir det delt ut ei hovudplante og to kantplantar til kvar gravstad. Plantinga skjer ved dugnad, og det var denne dugnaden det vart invitert til på kyrkjegarden i Lom måndag ettermiddag.

Ragnhild Teigen Bryn var ein av svært mange som møtte opp til dugnadsplantinga.

– Dette er ei jælma fin ordning. Sosialt er det òg, for etterpå blir det servering av kaffe. Eg er skrekkeleg redd for at blomefondet skal bli borte. Det håpar eg aldri vil skje, sa Ragnhild.