Lom musikk- og kulturskule 25 år:

Ber inn til kakefest og jubileumsframsyning

Lom musikk- og kulturskule fyller 25 år, og tysdag kveld blir det feiring.

Jubileum: Lom musikk- og kulturskule fyller 25 år. Tysdag blir det feiring. Dette bildet er frå julekonserten i 2016.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Rektor Kristbjørn Rossehaug fortel at det meste er i rute før jubileumsfeiringa av Lom musikk- og kulturskule, som fyller 25 år i år.

– I tillegg til ein vanleg konsert tysdag kveld er det lagt opp til ei jubileumsmarkering, fortel rektoren.

Før sjølve framsyninga blir det danseoppvising utanfor Utgard i Lom. Etter at dei om lag 20 dansarane er ferdige, blir det fest inne i foajeen.

– Her blir det gebursdagskake, kaffi og kalde drikkar til alle, både publikum og elevar ved musikk- og kulturskulen, seier Rossehaug.

Etter at kakefesten er over, skal resten skje inne i kulturstugu. Her blir det tradisjonell konsert der både nåverande og nokre tidlegare elevar deltek. I alt vil 80 musikk- og kulturskuletalent vera i aksjon tysdag kveld.

Den raude tråden for framsyninga er «Lom». Dette vil i fylgje rektoren særleg kome til syne under fellesnummer og allsong.

Lom musikk- og kulturskule har hatt mange tilsette opp gjennom åra, og Kristbjørn Rossehaug fortel at det er invitert mange gjestar til feiringa tysdag kveld.

Det er måndag ettermiddag framleis att ledige billettar til Lom musikk- og kulturskule si jubileumsframsyning, men Kristbjørn Rossehaug fortel at det også er lagt ut billettar til generalprøva tysdag ettermiddag, slik at flest mogleg skal ha høve til å sjå framsyninga.