Elevane i 9. og 10. klasse ved Lom ungdomsskule deltok i konkurransen. Oppgåva var å skrive eit dikt i haiku, som er ein japansk diktform som består av tre korte linjer. Tradisjonell haiku er ofte skrive i nåtid, og er knytt opp mot element frå naturen.

Diktet til Lilli var slik:

Går på tur

Ein hjort kjem sakte gåande

Instagram

Som eit resultat av at Lilli Schakenda vann konkurransen, blir både klasse 10 A og 10 B invitert til Lillehammer. Her får elevane oppleve Bjerkebæk, heimen til Sigrid Undset – dei får ei bokpakke og ikkje minst får dei eit forfattarmøte. Turen skal gå føre seg tysdag 19. juni.

Lilli Schakenda fortel til Fjuken at ho likar å skrive.

– Eg vart svært overraska over at eg vann konkurransen, men mest av alt vart eg flau, seier den beskjedne diktaren.