At nettopp Brit Oline Forberg får dette spørsmålet, er ikkje merkeleg. I mai i fjor stifta ho Kvinnenettverket Lom og Skjåk (LOS), eit politisk uavhengig nettverk som har som mål å få fleire kvinner til å engasjere seg politisk.

Berre 24 prosent av kommunestyremedlemane i Skjåk er kvinner. I Lom ligg andelen kvinner på 42 prosent, i Vågå 35.

– I Skjåk må vi kunne seia det er ganske dårleg, men det er ikkje så bra andre stader heller. Noreg blir kalla likestillingslandet, men heile 66 kommunar har mindre enn 30 prosent kvinner i kommunestyra, fortel Forberg.

Kvinnenettverket i Lom og Skjåk ynskjer å gjera noko med det, og dei er godt i gang. Medlemstalet er i stadig vekst, og på årsmøtet nå nyleg vart det bestemt at også Vågå skal takast opp som medlem.

– Hovudmålet vårt er å få kjønnsbalanse i kommunestyra ved valet i 2019. Vi ynskjer å vera ei gruppe som skal hjelpe, motivere og lære av kvarandre. Blant anna kjem vi til å invitere til ulike seminar og temakveldar i tida fram mot valet, der ein kan få brynt seg litt på argumentasjons- og diskusjonsteknikk.

Det kan vera sterk sosial kontroll i små bygdesamfunn, det er det kanskje ikkje så mange som tenkjer over, meiner Forberg. Det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret står sterkt og det er ikkje alltid like enkelt å få vera den ein er. Å stikke seg fram kan kjennast skummelt, og kvinner kjenner truleg på dette i sterkare grad enn menn.

– Kvinner må som regel overtalast til å stille på vallistene, medan mennene har enklare for å lansere seg sjølve. Vi håpar, blant anna ved hjelp av kvinnenettverket, at kvinnene skal bli meir «på» i tida framover, at dei tør å seia at dei gjerne vil stå høgt på lista, at dei har meiningar. Vi er opptatt av at kvinner tek på seg viktige verv og posisjonar, også i kommunepolitikken.

– Fleire kvinner har dei siste vekene fortalt mykje om hersketeknikkar og ufine ting som eit resultat av at dei er lokalpolitikarar?

– Eg tenkjer det er viktig at vi får sett ord på oppførsel og haldningar som gjer det vanskeleg å vera med i lokalpolitikken. Vi skal ikkje ha det slik. Når det er sagt: Hersketeknikkar kjem frå båe sider, både kvinner og menn. Eg trur kvinner treng øve seg på å bli tøffare. Det handlar om å ta plassen sin, at ein blir flinkare til å tenkje at det ikkje skal vera enkelt å vippe meg av pinnen. Samstundes er det viktig å seia at til dømes sexfiksert humor høyrer like lite til i politikken som på arbeidsplassen. Ein skal vera tydeleg, seia at dette vil eg ikkje ha noko av.

Menn som lokalpolitikarar blir gjerne sett på som myndige på ein positiv måte. Kvinner i politikken, som har meiningar, kan fort bli sett på som maktsjuke. Det har Brit Oline Forberg kjent på sjølv, gjennom mange år i ulike leiarroller.

– Men lokalpolitikk handlar ikkje om makt for makta sin del, det handlar om eit ynskje om å påverke, om å få til noko og bidra til ei positiv utvikling der du bur.

Alt er ikkje svart i Ottadalen.

– Men det å sjå annleis på ting er ikkje det same som å kaste alt som er bra over bord. Vi kjem ikkje bort frå at nye, friske augo inn i politikken kan sjå utviklinga og situasjonen vi er i på andre måtar. Kvinnenettverket håpar at fleire kvinner melder seg interesserte i å vera med, kanskje spesielt dei yngre, seier Forberg.