Når flytta du frå Ottadalen?

– Eg flytta ut frå heime for å studere ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 2006. Har sidan den gong hatt eit par utvekslingsopphald i USA før eg hamna på Lillehammer der eg bur no.

Kva saknar du mest frå heimbygda di?

– Nærleiken til familien og fjellet. Det skapast også fantastiske produkt innanfor turisme, kultur og mat som har ein tydelig identitet godt rotfesta i ein levande kulturarv. Her er Ottadalen i eliteserien og eg prøvar å få med meg så mykje som mogleg av det som skjer. Ser fram til ein sommar fylt med mykje godt innhald frå Ottadalen!

Kva knyter deg til heimbygda nå?

– Fyrst og fremst familien og kjærleiken til fjellet. Da i sær Lemonsjøen.

Kva er grunnen til at du busette deg der du bur i dag?

– Fyrst og fremst arbeid. Med mi utdanning som siviløkonom byr Lillehammer på ein arbeidsmarknad som gjev utfordringar og har rom for utvikling. Samstundes er Lillehammer eit slag optimalt kompromiss; staden har gode bykvalitetar samt at det ikkje er altfor lagt til fjells. Og med ny E6 har kommunikasjonen oppover dalen vorte enda betre.

Kva arbeider du med?

– Eg er bankmann i Handelsbanken på Lillehammer. Har stillinga som bedriftsrådgjevar med hovudansvar for plasseringsområdet.

Har du ynskje om å flytte attende til Ottadalen, og kva må i så tilfelle til for at du gjer det?

– Tyngdepunktet mitt ligg i Ottadalen, så ynskjet er der. Eg trur regionen har mykje å vinne på at vi skapar og har det løyle i lag; i staden for at grenser og lokaliseringsdebatt sett hinder for skaparevna. Her har våre folkevalde eit særleg ansvar for å legge til rette for entusiasmen og utviklinga som skjer hjå næringsaktørane i regionen. Samstundes må fleire næringsaktørane tore å rekruttere breiare. Ikkje berre barnefamiliar med livtidsperspektiv på busetjinga. Tore å satse på unge personar med ulik bakgrunn som like gjerne kan bu i sentrumsleilegheit med klippekort på Bokhandel’n. Opplæringskontoret Brimi-kjøken er eit strålande eksempel i så måte, der ein næringsaktør rekrutterer unge personar frå heile landet utan tanke på kor lenge dei blir verande i regionen. Desse personane tilfører næringsaktørane nytt tankegods og inspirasjon, og held kulturarven vår levande!

Korleis held du deg oppdatert om det som skjer i heimbygda di?

– Diverse sosiale media, referat frå dei heime og Fjuken sjølvsagt!

Kva er ditt beste minne frå Lalm?

– Mange gode. Eitt av dei beste må vere det sterke samhaldet som var i Lykkjegrenda under oppvektsen. I tillegg har åra i Lalm musikkforening vore viktige og gjeve mange gode minne.

Kva hobbyar og interesser har du utanom jobb?

– Eg likar å trakke i fjellet, sommar som vinter. Likar å vere aktiv både på ski, sykkel og med løpesko på føtane. Elles er eg kulturinteressert og prøvar å få med meg så mykje som mogleg av det som rører seg, både her på Lillehammer og oppover Gudbrandsdalen.