Unge kunstnarar stiller ut i Bismo

Elevar i kulturskulen i Skjåk med årleg utstilling.

Utstilling: Mange stolte foreldre og besteforeldre deltok på opning av kunstutstilling i Bismo.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det var høgtideleg opning, snorklipping av ordførar og «sjampanje og kanapear» da den 18. kunstutstillinga i regi av kulturskulen vart opna.

I «kunstklassa» i vinter har det delteke 17 ivrige elevar.

Måleria er utstilt på biblioteket i Bismo, og det er absolutt verd å ta turen for å sjå dei. Utstillinga er tilgjengeleg i bibliotekets opningstid.