Eigarane av den vesle fjellbutikken ved Øvre Sjodalsvatnet har i lengre tid gått med planar om eit kafébygg.

– Det har drege ut i tid, seier Kjell Øyen.

Han og kona Mary overtok Krambua i 2006.

Kjell Øyen fortel at det er dottera Cecilie som driv staden i dag og som vil overta heilt.

– Vi har sett at det er behov for eit kafébygg. Ikkje minst ein sanitærdel. Folk stoppar bilen i Sjodalen og spring i buskane med toalettpapir i hendene, seier Kjell Øyen.

Tømmer og glas

Bygget som skal setjast opp er på 160 kvadratmeter og vil ha 55 sitteplassar og toalett.

Kafébygget skal vere i tømmer med store glasflater, og skal plasserast innafor parkeringsplassen.

Det er Nordplan som er ansvarleg for prosjekteringa av bygget.

– Vi ventar nå på byggjegodkjenning frå Vågå kommune, seier Per Ove Røe, ingeniør, bygg og konstruksjon i Nordplan.

Røe fortel at det i planane var tenkt å bruke Sølvsmia på andre sida av vegen til tenestebustad, men at dette er endra for å møte kravet frå Arbeidstilsynet. I staden er det teikna inn eit personalrom i kafébygget.

Reinseanlegg

VA Prosjektering AS har utarbeidd søknad om utsleppsløyve for nytt avlaupsreinseanlegg for Krambue.

Krambue og serveringsstad skal forsynast med drikkevatn frå ny brønn som er tenkt plassert mellom nokre naust som ligg ned mot vatnet og eskeren Fjosranden.

Det skal også etablerast nytt kjemisk/biologisk reinseanlegg på vestsida av Krambue.

Vågå fjellstyre har ikkje merknader til at det blir etablert eit reinsenlegg med infiltrasjon, men viser til at området ligg eksponert til i nærleiken av Fjosranden, og at meiner at alt av grave- og anleggsarbeid blir gjort så skånsamt som mogleg.

Byggjestart i sommar

– Målet er å få bygget under tak før vinteren, seier Kjell Øyen.

Han fortel at målet er å gjere mest mogleg av byggjearbeidet sjølv.

Når det gjeld Krambua seier Øyen at den ikkje blir endra.

– Krambue skal vere som ho er, seier Kjell Øyen.

Krambua: Den gamle erverdige fjellbutikken skal ikkje endrast på, men vere som den støtt har vore. Foto: Arve Danielsen
Tømmer og glas: Slik vil det nye kafébygget ved Krambua sjå ut. Bygget er på 160 kvadratmeter, og vil romme 55 sitteplassar. Byggeet skal setjast opp i tømmer og glas. Illustrasjon Nordplan Foto: Arve Danielsen