Mari Wedum vart nummer ein med tida 3.41:03 og 3 minutt raskare enn nummer to i det 42 kilometer lange løpet mellom Besstrond og Beitostølen. Nummer tre i klassa, og 12. plass totalt, vart Eva Waaktaar-Kahrs, også ho frå Vågå.

Lalm IL stilte med fem deltakarar på miniton (7 kilometer). Tre av dei kom på pallen; Svein Kleiven fekk 1. plass i klasse M70-74, Endre Olav Blekastad fekk 2. plass i klasse M16-17 og Pål Bakke Bråten vart nummer 3 i M23-39.

I tillegg deltok Unni Høiby og Marit Aamodt.