For 12. gong vart det arrangert Ståk i Skjåk laurdag. Det er ei marknads- og aktivitetshelg for heile familien, der folk kan treffast og ha det triveleg.

Ståket fekk ein tjuvstart fredag kveld med ein godt besøk quiz i storteltet.

Laurdag var det handelsboder, kulturelle innslag, Flækøyhøe Upp og tråtraktorparade.

I tett opp mot 30 varmegrader vart det heitt, og det vart prata om at det nok hadde vore fleire besøkande tidlegare år, og at mange laurdag hadde teke turen til fjells eller funne seg ein skugge einkvan staden.

Varmen var naturleg nok verst for dei som skulle opp motbakkane i Flækøyhøe Upp.

Det var ikkje venta nokon rekord, men vinnartida var likevel på sterke 34:04, som Jonas Hesthaug frå Eidsdal sprang på. Beste kvinne vart Susanne Niskanen, frå Eid, med tida 45:49.

Beste lokale i konkurransekklassa vart Arild Skriden og Elin Bakke, med tidene 36:44 og 59:28.