Vann identitetskonkurranse

Sofie Kleppe frå Vågå har vunne Norges Husflidslags produktutviklingskonkurranse.

Vann konkurranse Sofie Kleppe vann identitetskonkurranse i Norges Husflidslag. Premien på 40.000 kroner vart delt ut under landsmøtet i Molde fredag 1. juni.  Foto: Jutulskinn

Nyheiter

Denne helga har Norges Husflidslag landsmøte i Molde.

Fredag vart vinnaren av Norges Husflidslags produktutviklingskonkurranse «Identitet – idé i tet» avslørt under landsmøte.

Sofie Kleppe som driver tradisjonsgarveriet Jutulskinn i Vågå stakk av med den attraktive fyrstepremien.

«Identitet – idé i tet» er ei produktutviklingskonkurranse for utøvarar i husflid og handverk som blir arrangert annakvart år, med mål om få fram nyskapande kvalitetsprodukt innan husflidshandverk.

Sofie Kleppe vann premien på grunn av sine kaffe-, nøtte- og nisteposer i reinskinn. Premien er på 40.000 kroner.

Leiar av juryen, Trine Wilhelmine Rønnevig, seier følgjande om vinnarbidraget:

- Sofie Kleppe har levert ein kolleksjon som byggjer på nærleik til naturen og på materiala sine egne premissar - og er eit økologisk og kjemikaliefritt alternativ til plast som passar som hand i hanske i tidsånda. Ho har laga tre produkt med eit enkelt og tiltalende formspråk, som harmonerer godt med kvarandre. Dei utstrålar ein materialitet og taktilitet som gjer at juryen alt står på bestillingslista.

Posane i reinskinn som Sofie Kleppe har vunne med, er stilt ut på Romsdalsmuseet til og med sundag 17. juni, saman med dei andre bidraga i «Identitet»-konkurransen.

Vinnarprodukta Kaffe-, nøtte- og nisteposer i reinskinn.  Foto: Siri Berrefjord