Alf Rune på plass att i bandet

Fredag kveld har skjåkværen Alf Rune Melby sin fyrste spelejobb att med «Vassendgutane» på 18 månader.

På plass: Etter eitt og eit halvt år er Alf Rune Melby frå Skjåk på plass att i «Vassendgutane». Han gler seg til å bli ein del av bandet att.   Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det var ein blid og spent steelgitarist Fjuken møtte da Alf Rune Melby vart plukka opp og gjekk om bord i bandbussen til «Vassendgutane» i Bismo fredag føremiddag.

Det er 18 månader sidan skjåkværen hadde sin siste spelejobb i det populære festcountrybandet. Alf Rune Melby fekk fast jobb som steelgitarist i bandet i 2013, men på slutten av 2016 bestemde han seg for å slutte som bandmedlem.

I mars i år vart det kunngjort at Melby startar opp att i bandet som steelgitarist. Skjåkværen skal dele på jobben med steelgitarist Lars Egil Vågseter, også han tidlegare «Vassendgutane»-medlem.

– Eg gler meg til å kome i gang att. Dette blir artig! sa Alf Rune Melby da han tok plass i bandbussen fredag.

Fredag kveld spelar bandet på Rockefeller i Oslo, og laurdag i Hallingdal feriepark i Ål.

Dei to steelgitaristane Melby og Vågseter skal etter planen spele annakvar helg. «Vassendgutane» har spelejobb både fredag og laurdag stort sett kvar einaste helg i heile sommar.


Turnéliv: Det blir mange timar i turnebussen for Alf Rune og dei andre bandmedlemane.  Foto: Tom Erik Solstad