Skytebana stengt grunna skogbrannfaren

På grunn av den store skogbrannfaren har brannsjefen i Vågå stengt skytebana.

Stengt: Skytebana i Vågå er stengt på grunn av stor skogbrannfare.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det fine sommarvêret har gjort at det er svært stor skogbrannfare over store delar av landet.

På grunn av den store skogbrannfaren bestemte brannsjefen i Vågå tysdag at skytebana skulle stengast for all aktivitet.

Vågå er ein av fleire kommunar som har lagt ned forbod mot skytetrening så lenge skogbrannfaren er stor.