Vil skifte ut gamal brannbil

Den eine brannbilen som Vågå brannvesen har i beredskap, er i slik stand at den ikkje er driftsikker lenger. Ein ATV med tilhengar og berbar pumpe skal sikre beredskapen.

Svekka beredskap: Den gamle Dodgen til Vågå brannvesen er ikkje driftsikker lenger og gjer at brannberedskapen i Vågå er svekka, særleg med tanke på skogbrannfara. Kjøp av ATV med tilhengar og berbar pumpe skal sikre beredskapen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Brannberedskapen i Vågå er no sterkt svekka, og særleg med tanke på den akutte skogbrannfara.

Årsaken til dette er at eine bilen som brannvesenet har i si teneste ikkje lenger er driftssikker nok til å kunne kallast beredskap.

Vågå brannvesen har i sin beredskap hatt ein Dodge W-400 1978-mod, med frontmontert pumpe, som innsatsbil hovudsakleg ved skogbrann. Bilen har vore eit godt hjelpemiddel, med tanke på brukbar framkommelegheit og pumpekapasitet. Situasjonen er no at både bilen og pumpa er i ein slik stand at den ikkje fyller kravet til beredskap.

Bilen har gått berre drygt 10.000 kilometer, men brannvesenet opplever til stadigheit startproblem på bilen. Reservedelar og dekk er også utfordringar etter kvart. Det er framleis mogleg å skaffe delar, men tilgjengelegheita blir dårlegare og prisen blir høg.

Pumpa er den største bekymringa, og har ved fleire høve ikkje pumpa vatn, sist ved øving der skogbrannberedskapen var tema.

I saksutgreiing til kommunestyret skriv rådmannen at slik både brannbilen og pumpa står nå, har dei ingen verdi i beredskapen til Vågå brannvesen.

For å oppnå fullverdig skogbrannberedskap raskt, ser brannvesenet behov for å erstatte Dodge ved at det blir kjøpt ein ATV med ein tilhengar og ei berbar pumpe med god kapasitet.

Rådmannen rår difor til at det blir investert i nytt utstyr til brannvesenet og rår kommunestyret til å løybe inntil 303.000 kroner til innkjøp av ATV med tilhengar og berbar pumpe.

Kommunestyret har fått saka som ei tilleggssak til møtet i kveld, tysdag 29. mai.

Den gamle Dodgen vil bli lagt ut for sal og vil nok vere interessant for dei som likar å skru på gamle bilar.