Rekordtidleg båtstart

Laurdag 2. juni går fyrste Gjendebåten for sesongen. Dette er ny rekord.

Fyrste båttur: Laurdag 2. juni køyrer Gjendebåten fyrste turen for sesongen. Dette er ei veke tidlegare enn normalt, fortel Harald Rune Øvstedal. Sjølve sesongstarten skjer fredag 8. juni.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

I nydeleg sommarvêr vart båten «Gjendine»  sjøsett på Gjende måndag. Og tysdag var det «Kåre Johan» sin tur til å bli sett på vatnet, klar for sin andre sesong med å frakte turistar og fjellfolk over fjellsjøen.

Skipper Harald Rune Øvstedal kunne melde om flott vêr ved Gjende tysdag, der han og resten av mannskapet kunne gå med bar overkropp under vinsjing av båten.

Laurdag 2. juni går fyrste båten med turglade fjellfolk inn til Memurubu denne sesongen. Og dette er rekordtidleg.

– Normalt startar vi å køyre båtane ei veke seinare, seier Harald Rune Øvstedal.

Han melder om kjempefine forhold i fjellet.

– Det ligg att berre nokre fåe snøfonner på turen over Besseggen, seier Øvstedal.

Sjølve sesongstarten skjer fredag 8. juni. Da opnar også Gjendesheim turisthytte.

Frå den datoen vil Gjendebåtane gå kvar dag.

Turisthyttene Memurubu og Gjendebu opnar 15. juni.