Ingrid på landslaget

Ingrid Sandviken er teken ut på landslaget i fotball.

På landslaget: Ingrid Sandviken er teken ut på J15-landslaget i fotball.  Foto: Vigdis Kroken/arkiv

Nyheiter

Den talentfulle fotballspelaren Ingrid Sandviken er teken ut i landslagstroppen til J15.

Ingrid er ei av 19 jenter som er utteken til Norges Fotballforunds talentleir i Stavanger frå 20. til 24. juni.

«Gratulerer med uttak til Fotballforbundets talentleir i Stavanger som vi arrangerer i tett samarbeid med Equinor. Det er mange du har overbevist på vegen for å bli teken ut til ein slik talentleir. Vi har teke ut akkurat deg, fordi vi meiner du har nokre eigenskaper som på sikt kan gjera deg til ein av «morgondagens heltar», skriv Håkon Grøttland i Norges Fotballforbund til Ingrid og dei andre spelarane.

Vidare står det: «Minn deg sjøv på, undervegs i samlinga, at du har konkurrert ut tusenvis av spelarar i di aldersgruppe og at du er teken ut fordi du er spesielt god på noko».