Det seier Ellinor Fosstuen. Laurdag opna Ellinors Landhandel i Skjåk dørene.

Saman med mannen Nils Henry Fosstuen kjøpte Ellinor det såkalla «Titus-bygget» i Nordberg seinhaustes. I fleire titals år dreiv Titus Aaboen, og etter kvart sonen Svein, butikken fram til dørene vart stengde i 2008.

– Vi er utruleg nøgde med opningsdagen. Det var kø utanfor døra lenge før vi opna, og i heile dag har det vore bra trafikk. Somme har berre vore innom for å sjå korleis det vart her, medan andre har handla som berre det. Vi kjenner oss verdsette, seier Ellinor og Nils Henry Fosstuen, som ikkje har tal på kor mange som kan ha vore innom på opningsdagen.

Ellinors Landhandel vil halde ope kvar dag utanom sundagar.

I det om lag 90 kvadratmeter store butikklokalet, som inkluderer ein liten og triveleg kafékrok, finn ein eit breitt varespekter beståande av mellom anna klede, glaskunst, maleri og lokalmat.

Sjølv produserer Ellinor ulike type klede, og skal ha systova si som ein del av butikken. Her vil ho sitje og produsere klede som blir seld i butikken. Butikkdrivaren har også avtale med mange lokale produsentar som ho skal selje varer for i landhandelen.

Sjå bildeserie frå opningsdagen øvst i saka.