Det seier løpsleiar Ane Randen Skamsar til Fjuken laurdag ettermiddag, etter at dei mange hundre veterankøyretya har fullført veteranbilløpet «Flåklypa Grand Prix» i kommunane Lom og Skjåk.

Løpsleiaren fortel at det vart 494 påmeldte køyrety i år, som er rekord.

– Det har aldri vore så mange påmeldte som i år. Vi var utruleg spente på førehand på om alt kom til å klaffe, og det ser det heldigvis ut til at det har gjort. Vi er kjempetilfredse med årets løp, seier Ane.

Ho trekkjer spesielt fram dei 70 funksjonærane som har hjelpt til med å gjennomføre løpet.

– Utan dei flinke funksjonærane vi har med oss, hadde vi ikkje greidd å gjennomføre veteranbilløpet. Enkelt og greitt, rosar Ane.

«Flåklypa Grand Prix» er landets desidert største veteranbilløp, og laurdagens løp var altså også det største i Flåklypa-samanheng. Årets løp var nummer 27 i rekkja.

Den knappe ni mil lange løypa gjekk gjennom kommunane Lom og Skjåk, og i alt var det lagt inn fem postar på turen, der deltakarane måtte utføre ulike oppgåver. Vêret kunne ikkje vore betre, og det var svært god stemning under løpet, både blant deltakarar og publikum.

Sjå bildeserie øvst i saka.