Bordet var fylt opp med god drikke og snacks, og bebuarane hadde fått tildelt flagg.

På plenen utanfor Skjåkheimen, plassert berre få meter frå vegen, hadde dei Flåklypa-fest laurdag. Her fekk bebuarar oppleve veteranbilløpet på nært hald, der nesten 500 køyrety deltok.

Kvar gong det passerte eit veterankøyrety på riksvegen vart det vifta med flagget og vinka frå bordet på Skjåkheimen.

Det var ingen tvil om at bebuarane sette pris på å få oppleve Flåklypa-løpet. Middagen vart også ete ute denne dagen, for å få med seg alle dei gamle doningane.