Jan Randen humrar, og påstår hardnakka at han som bilseljar aldri har loge. Nei vel, men at han er ein generell tullpratar attåt å vera bilseljar - det er eit faktum og kan vera to sider av same sak.

Om han ikkje har seld bil sidan T-Fordens glansdagar, har han drivi på ei stund.

– Berre 46 år, seier han lakonisk.

Ikkje var det T-Ford, men ein modell A som stoppa utanfor «tanken» hans Bjarne Holø ein gong fyrst på 1960-talet. Kroppen som køyrde skulle ikkje ha bensin.

– Han skulle veksle ein 100-lapp, men eg ville ikkje gje frå meg vekselen eg hadde, så eg sa eg ikkje hadde, fortel Jan som da var «bensinvakt» hjå Holø. Kroppen gav seg ikkje, men sa at han kunne fylle for ti kroner for å få veksla. Han fylte for ei tiar og kom med hundrelappen. «Hadde du hatt ein tiar nå så hadde dette gått fint», sa eg. Han tenkte seg ikkje om og kom med ein tiar! Det vart ikkje veksling, men så er det det einaste peket eg har gjort au da.

Nå ja.

Smiu hass far

Bil har det liksom vore frå fyrste stund, som han seier sjølv.

– Det var ein og annan bilen i smiu hass far. Han dreiv landbruksverkstad og folk kom og fekk skruve bil der.

I 1971 dreiv Jan og skrudde på ein gamal PV i smiu i Garmo.

– Det kom inn ein kropp som eg aldri hadde sett før. «Vil du jobbe hjå meg?» spurde han. Eg skjønte ingenting, men han sa han ville ha meg til å selja bilar for honom.

«Kroppen» var Ottar Tungen, han som etablerte Kvam mekaniske verksted eller berre Kvam mek.

Jan Randen hadde hatt sommararbeid på Bessheim, og fekk ein dag til å tenkje på tilbodet. Han tok jobben, drog til Kvam og fekk utlevert nyklane til ein gamal bruktbil.

– Det var ein kvit Morris som eg skulle selja på Otta-martnaen.

Det vart ikkje salg, men seljar vart det av unge Randen likevel.

Wartburg til Skjåk

Han seier han aldri fekk greie på kvifor Tungen absolutt ville ha tak i han.

Nå hadde Jan «tuska» litt i bilseljarfaget tidlegare, han hadde nemleg seld bilar for Malterud på Gjøvik der han gjekk på ein skule han aldri fullførte.

– Eg selde mellom anna ein Wartburg for 800 kroner til Eilev Kolstad i Skjåk.

Kvam mek

Kor vidt det å selja ein Wartburg til ein skjåkvær var utslagsjevande for ei framtidig karriere som bilseljar for Kvam mek., er ikkje råd å svare på. Jan Randen vart uansett verande i firmaet.

– Den fyrste tida hadde eg base på Kvam, men i 1975 opna vi eit utsal i eit industrilokale aust for Lom sentrum, der El-Service held til i dag, så heldt vi til i Oddmund Kolden-bygget ei tid, før vi kom på plass her nedi Øyom. Fyrst i ei Moelven-brakke, før bygget sto ferdig i 1982.

Kvam mek. har handla med fleire merke, men det er fyrst og fremst Datsun/Nissan som har vore med i alle år.

– Verdas beste bil, påstår sjølvsagt seljaren.

Fleire tusen

Alle seljarar vil naturleg nok seia det om «bilen sin», men Randen har selt ein del av dei - og andre merke.

– Kor mange veit eg dessverre ikkje, seier han og legg til at det må vera fleire tusen.

Sidan han påstår at han aldri skrøner lyt vi tru han, men konstaterer at han nærast har hatt monopol på bilsal i Lom og Skjåk.

– Jau da, så lenge folk har handla lokalt så har eg hatt det.

Kor lenge han skal halde på er han usikker på, han kunne forlengst vore pensjonist.

– Eg driv så lenge eg tykkjer det er løyle.

Løyle er det han har fokus på laurdag som kjem - det 27. Flåklypa Grand Prix, Noregs største veterankøyretøyløp, men det er ei anna historie.

Ein yngre Randen med ein Datsun 100 A på fjelltur. Foto: Privat