Løpsleiar Ane Randen Skamsar fortel at det er påmeldt 486 køyrety til årets Flåklypa-løp, som er nummer 27 i rekkja.

– Dette er ny rekord. I tillegg til dei som allereie er påmeldt, må ein rekne med at det blir nokre påmeldingar i siste liten fredag kveld og laurdag før start, seier løpsleiaren.

Start for det tradisjonsrike veteranbilløpet er som vanleg på Nordal camping. I år blir det målgang i Bismo.

I løpet av den mange mil lange køyreturen i Lom og Skjåk, skal dei mange hundre deltakarane innom i alt fem postar. I år er desse plassert ved Sandviksberget, Garmo, Flåklypa, Lundamo og Nordberg skule.