Jostein Strøm har kjøpt konkursbuet Storøya Camping, og etter at alt det formelle var unnagjort i samband med kjøpet har han rydda, rydda og rydda. Nå er han i ferd med å gjera i stand dei enkle hyttene for å kunne ta imot dei fyrste gjestane rundt St. Hans.

Øya økocamping heiter plassen nå. Grunnen er at Jostein og kona Inga Gudrun Hyrve vil drive plassen berekraftig, både økonomisk og med tanke på miljøet.

– Vi skal bruke opp att det som går an å bruke, både av hytter, inventar og utstyr elles. Det må til ein del oppussing, men vi tek det steg for steg, for vi kan ikkje gjera dei store investeringane.

Også gjestane vil merke øko-forstavinga; det vil nemleg bli eit skikkeleg søppelsorteringsregime når gjestane skal kvitte seg med ting.

Strøm ser at det vil ta tid før campingplassen blir butikk, og at det krevst arbeid - mykje arbeid. Han er handverkar, og vil gjera mykje av renoveringa sjølv.

Den 40 mål store øya i Ottaelva, fem kilometer aust for Bismo har hatt campinggjestar i mange tiår, og ligg svært idyllisk til for både telt, campingvogner og bubilar.

– Det er utan tvil potensiale her, for alle typer campinggjestar og som base for raftarar, som har hatt tilhald her tidlegare, seier Strøm. Som utgangspunkt for å oppleva natur og fjell, kan ikkje plassen ligge betre til, meiner han.

Den berømte «Skjåk-bølgja» som rodeopadlarar rir på, ligg rett ved plassen.

Intimfestivalen Storøyafestivalen hadde «hus» på plassen i mange år.

– Vi er opne for at den kan arrangerast att. Vi vil iallfall at det skal skje ting her, seier Hyrve

Strøm og Hyrve har mange planar; om fleire hytter, servering av stuttfrakta mat og ulike hendingar.

– Moglegheitene er mange her, men vi vil ta det steg for steg og bygge opp plassen omtrent frå null, seier ekteparet som gler seg til dei fyrste gjestane kjem.

Jostein Strøm og Inga Gudrun Hyrve går til oppgåvene og utfordringane med campingplassen med friskt mot. Foto: Hans Erik Kjosbakken