Laurdag skal dei tre ambulansearbeidarane, som er stasjonert på ambulansestasjonane i Vågå og Lom, konkurrere om ein finaleplass i det populære ambulansemeisterskapet, arrangert av EMS Norway.

– Vi er fem lag frå Sykehuset Innlandet som skal konkurrere på Gjøvik laurdag, og det laget som vinn der skal representere Innlandet i den nasjonale finalen, seier Magne Ramberg.

Han og kollegaene Heidi Ulen og Laila Jøingsli veit ikkje kva som ventar dei i helga.

– Vi veit berre at vi skal gjennom seks postar med ulike oppgåver som vi kan møte på i vår daglege jobb som ambulansearbeidar, seier Ramberg.

Denne veka har laget vore samla i Vågå for å trene.

– Eg trur nøkkelen til suksess i konkurransen blir å greie å jobbe godt saman som lag. I kvardagen er vi jo vande med å vera to på jobb, men i meisterskapet er vi tre, så det blir litt uvant, seier Magne Ramberg, som meiner ambulansemeisterskapet er svært god kompetansebygging.