Jarmund Øyen i Bygdalista uttrykte sterk uro over den vedvarande folketalsnedgangen i kommunestyremøtet torsdag.

– Folketalet i landet vårt har gått opp og ned i periodar langt bakover i tid, men aldri har situasjonen vore så alvorleg som han er i dag. Det er ikkje triveleg å prate om dette for oss som er folkevalde, men nå er tida inne. Vi går mot ein sterkt akselererande reduksjon i folketalet. Lom er ein av 180 kommunar som frå år 2000 til 2017 har hatt ein vedvarande folketalsnedgang. Fødselstala går ned, ungdomar reiser ut og kjem ikkje attende -  og økonomien blir stadig strammare. Kommunar med nedgang i folketalet må svi. Vi må reise oss opp og forlange at storting og regjering seier kva dei vil med kommunane på landsbygda, langs kysten og i innlandet. Er det ynskje om å ha busetjing i heile landet?

Jarmund Øyen kan tenkje seg ei alliansebygging, at kommunar i same situasjon rett og slett går saman og får problemstillinga fram i media.

– Da håpar eg leiande politikarar må koma på banen og seia noko om det, noko anna enn flosklar som «by og land, hand i hand», som eg ser har kome fram att nå, sa Øyen, som tok opp denne saka i posten «ordet fritt», rett etter det ordinære kommunestyremøtet.

Han avslutta innlegget med å spørja ordføraren om det ligg føre konkrete planar om tiltak som kommunestyret kan setja på dagsorden – for å oppnå stabilisering eller helst vekst i folketalet i Lom.

Fungerande ordførar Anne-Lise Marstein fortalde at folketalet i Lom er redusert med 300 innbyggjarar sidan ho flytta til Lom for 24 år sidan.

– Med ein slik fart kan ein tenkje at det vil ende på null, men det får vi ikkje håpe. Eg meiner demografiutfordringa og kvinneunderskotet er det mest alvorlege utviklingstrekket. Korleis vi skal få bukt med dette har eg ingen fasit på, men som kommune må vi sørgje for gode tenestetilbod. Sentraliseringstoget susar og går, og mange kommunar lir same skjebne. Eit konkret tiltak vi kan gjera er å tilby tilsette i pleie- og omsorg hundre prosent stillingar, sa Marstein.

Jarmund Øyen takka for svaret og bad ordføraren ta med seg problemstillinga til partiet sitt på stortinget.

– I mitt hovud må vi gjera noko med det. Kanskje kan KS etablere ei foreining for utkantkommunar med folketalsnedgang? Da kan utviklinga bli kartlagt, konkrete tal koma fram og det kan leggjast fram ei oversikt over situasjonen. Vi kjem i ein maktposisjon dersom 180 kommunar samlar seg om saka, sa han.