– Hersketeknikkar finst jo i samfunnet. Eg har nokre døme, seier Mette Vårdal, kommunestyrerepresentant og gruppeleiar for Vågå Senterparti.

Skal vere raus

Mette Vårdal er byjente som har budd i Vågå i 18 år, har bygt seg hus i Nordherad, har skrive doktorgrad om vagværane og har ungar som pratar vågåmål.

– Her har eg slått rot, seier ho.

Og ja, ho har fått høyre at ho er frå «an´stan».

– Det fyrste eg tenkte da eg las artiklane i Fjuken; eg kjenner meg ikkje att. Eg føler eg er teken godt imot i bygda. Føler det er eit stort rom for å engasjere seg i lokalpolitikken. Og så tenkte eg; er eg naiv? Måtte høyre med alle i Sp-gruppa. Alle er samde om at dei opplever det som positivt, eigenleg.

– Det eg har opplevd av ufine taklingar, er når vi er usamde i ei sak. Noko av det fyrste eg opplevde, var da eg sat som utvalsleiar. Det var ein vanleg innbyggjar i Vågå som var svært sint etter eit vedtak som han opplevde personleg. Han byrja å bruke familien min i kritikken. Engasjementet hans gjekk langt utover det politiske engasjementet. Det gjorde meg litt skremt. Ein skal vere raus. Det var ikkje nødvendigvis hans ynskje å få meg ut av bygda og politikken, seier Vårdal.

Ho nemner spesielt to saker dei siste åra der temperaturen har vore ekstra høg; kommunesamanslåing og Brustugujordet.

Var talerøyr

Ho fortel om eit forhandlingsmøte der ein som leia møtet demonstrativt såg ut av vindauget når ho tok ordet, og når ho var ferdig med å prate, fortsette han som om ho ikkje hadde sagt nokon ting.

– Når det gjeld Brustugujordet veit eg at det var politikarar i andre parti som var usamd med meg, som gjekk rundt og fortalde kor håplaus eg og Sp var. Eg var talerøyr for ein stor oponion, det var dei som følte seg pressa på sine argument og sin ståstad, seier Mette Vårdal.

Ho fortel at ingen av desse episodane var behagelege, men seier det kanskje var ho som hadde minst grunn til å kjenne seg pressa da.

– Ingen av desse sakene handlar om korleis det er i Vågå eller Gudbrandsdalen, men handlar om at ting står på spel i politikken.

Roe ned

– Tøffaste kampen var Brustugujordet. Tøffast fordi den gjekk føre seg i skjul. Eg kan ikkje forklare posisjonen i den diskusjonen om kven som stod for kva og kva som skjedde. Alle samtalar gjekk i lukka rom, og gjorde det svært vanskeleg fordi ein ikkje visste kvar den saklege motbøren kom, eller den usaklege. Eg veit at det var medpolitikarar i kommunestyret som var usamd med meg og som gjekk rundt og fortalde kor håplaus eg var. Det var ikkje noko artig medan det stod på, seier Mette Vårdal.

– Engsjement er bra, men vi kan ikkje fortsetje på det debattnivået som Brustugujordet. Da må ein politisk og i befolkninga roe ned og få til eit godt samarbeidsklima. Da blir det slik at ein kan lage konsultasjonar på kryss og tvers i kommunestyret og alle kan prate med alle. Vår del av ansvaret er å sørgje for at det blir slik, seier ho.

Lov å seie frå

Av og til må ein ta upopulære avgjerder, men ein må vite kva som ligg i saka. Mette Vårdal fortel ho fekk seg ein leksjon ho hugsar i diskusjonen om fem-dagarsskule.

– Eg tenkte at dette var eit greitt spørsmål. Og bomma heilt. Eg kan framleis tru at det arbeidet vi gjorde med femdagars skule var lurt, men når foreldregruppa var heilt i mot det, så var det ikkje noko godt forslag. Hadde nok gjort den saka annleis om eg hadde hatt meir breiddekunnskap, seier ho etterpåklokt.

Ho seier at dette skjedde i ein periode i kommunestyret der ho var solospelar. Mette Vårdal hadde gått ut av Ap.

– Eg hadde ingen å diskutere med, og da kan ein bomme så kraftig. Eg fekk peppar. At eg fekk ein midt i trynet, var ikkje noko artig, men eg har i dag forståing for det. Eg såg ikkje foreldra sitt syn i saka. Nokre av desse har eg vorte nære vener med etterpå. Ein kan ikkje forvente at alle oppfører seg konstruktivt og sakleg i ei sak når ein blir forbanna. Da har du lov til å seie frå. Greitt å seie frå ansikt til ansikt, seier ho.

Byggje tillit

Mette Vårdal kom inn i Vågå kommunestyre som vara etter valet i 2003, for Ap. I perioden frå 2007 var ho nestleiar i hovudutval for oppvekst, helse og kultur, og rykka opp som utvalsleiar etter valet i 2011. Det var i denne kommunestyreperioden at Vårdal braut med Ap og sat som fri representant ut perioden.

– Eg måtte ut av Ap, Det er grenser for kor mykje ein skal gå på akkord med sitt eige syn i politikken, seier Mette Vårdal.

Ho er klar over at det vart prata om henne innad i Ap etter at ho melde seg ut. Det gjorde ikkje saka betre enn at ho stilte til val for Sp i 2015, der partiet gjorde eit brakval.

– Eg hadde stemt likt med Sp i mange saker, og da eg fekk spørsmål om å vere kandidat for dei, takka eg ja. Eg kjenner meg meir heime i Sp enn i Ap, seier ho.

Mette Vårdal seier ho trur det framleis finst innbitte Ap-tilhengarar som tenkjer at dei ikkje kan stole på henne.

– Det har vore viktig for meg å byggje opp att tilliten slik at det faktisk går an å diskutere politikk, seier ho.

Vere med å påverke

Mette Vårdal er ikkje lei lokalpolitikken, og har takka ja til å stille som kandidat for Sp i kommunevalet 2019. Den femte perioden hennar.

Ho fortel at ho støtt har vore politisk engasjert.

– I Vågå er avstanden til politikarane så liten. Her har ein stor moglegheit til å vere med å påverke og utforme det samfunnet ein er ein del av. Det er artig, Dersom eg ikkje hadde vore aktiv i politikken, hadde eg vore aktiv andre stader, Brukt engasjementet mitt på andre måter for bygda, gjennom lag og foreiningar, seier ho.

Mette Vårdal seier ho er glad for å ha fått tillit til å vere talsperson for Sp-gruppa. Ho seier dei opplever at dei har fått gjennomslag for politikken sin.

– Politikk handlar i liten grad om meg, men om å få til ting saman med dei ein jobbar saman med i partiet, seier ho.

Eig ikkje folkeskikk

Mette Vårdal fortel at ho ikkje har fått krasse eller slibrige tekstmeldingar.

– Eg har ikkje hemmeleg telefonnummer heller, seier ho med eit smil.

Men ho veit at det er skrive om henne på Facebook. Og det får dei nå gjere, seier ho.

– Som lokalpolitikar, kor mykje må ein tole? Kvar går grensa?

– På sosiale media er grensa nådd for lengst. Det handlar ikkje om politikk. Folk eig ikkje folkeskikk på sosiale medier. Til meir synleg du er, til verre blir det, seier ho.

Lettare for menn

Mette Vårdal trur at all den negative fokusen på hersketeknikkar og ufine SMS-ar, kan skremme folk frå å engasjere seg i politikken. Og kanskje damer spesielt.

– Det er enklare for menn fordi dei i større grad kan få lov til vere seg sjølv. Damer i politikken får alltid spørsmål om «kva synest mannen og barna dine om dette». Du har som regel ansvar for fleire enn deg sjølv. Det er tøft å sjå måten MDG-politikar Lan Marie Berg har vore sjikanert på sosiale media, med blant anna drapstrugslar og oppfordringar til vald. Det er totalt uakseptabelt! seier Mette Vårdal bestemt.

Er sjenert

– Vi er ikkje der i Vågå, meiner eg. Når ein opplever slike ting, skal ein ta det opp. Og det har eg gjort ved eitt par tilfelle, når politikarkollegar har skrive ting om meg på Facebook. Spesielt der det har gått ut over familien min. Da har eg ringt og sagt at «dette ikkje er greitt». Da har dei sagt at «nei, det er det ikkje», og sletta innlegget. Veit også dei som seier at eg driv med hersketeknikkar. Eg er eigentleg ganske sjenert, og det gjer at eg kanskje kan oppfattast som arrogant. Hersketeknikk betyr ikkje nødvendigvis at ein vil øydelegge for nokon, men det kan vere mangelfull debattteknikk. Sjenanse, usikkerheit. Det er viktig at slik blir teke opp på ein god måte slik at ein får eit godt samarbeidsklima.