Onsdag 9. mai vart fem husstandar i Sjårdalen veglause etter at vegvesenet grov opp ei røyr for å hindre at Sjårdalsbekken skulle grave ut fylkesvegen.

Men heilt isolerte har dei ikkje vore. Thoralf Myrhaug fortalde at dei kunne køyre over eit jorde til ein nabogard for å koma bort og heim.

Denne veka starta Mesta arbeidet med å leggje ny røyr i bekken, slik at bebuarane snart kan ta i bruk vegen sin att. Rønningen Anlegg AS var innleigd med gravemaskin.

Røyret som nå blir lagt nedi har dobbelt så stor dimensjon som det gamle, og vil kunne ta unna vatnet når Sjårdalsbekken går flaumstor.

Slik såg det ut da Sjårdalsbekken gjekk flaumstor for to veker sidan. Foto: Arve Danielsen