- Terrengsykling er livet og grunn til at eg flytta til Vågå for å starte eit reiselivsstilbod basert på elektriske stigsyklar, seier Vidar Glende.

Han fortel at stigsykling har teke fullstendig av i Alpane og Amerika, og har stor tru på at dette også vil bli det store i norsk reiseliv.

- Min ambisjon er å etablere eit sykkeltilbod som blir eit verdifullt aktivitetstilbud som reiselivet i Sjodalen, Lemonsjøen og Brimiland kan tilby sine gjestar, uten at dei må stå for den praktiske organiseringa og investeringa sjølve, seier Glende.

Han har kjøpt 20 elektriske stigsyklar, men ser allereie nå før han har kome skikkeleg i gang at han treng fleire syklar.

Dei elektriske stigsyklane har dempegaffel, breie dekk og kraftig elmotor - noko som gjer at ein kjem seg både bortover og oppover på ein lett måte. Motorkrafta sluttar å virke når ein kjem opp i 25 kilometer i timen, frå da er det rein muskelkraft som rår.

- Ein skal trakke hardt på med ein vanleg sykkel for å koma opp i ein slik hastigheit, seier han.

Vidar Glende fortel at han i tillegg til rein utleige av elektriske stigsykler, vil utvikle eit konsept for guida sykkelturar. Vagværen Nicolay Skjedsvold skal også vere med som guide.

- Tanken er å bokstaveleg talt trakke frå høgdepunkt til høgdepunkt og legge inn hyppige stopp for servering, aktivitetar og avkopling undervegs. Både sykkelterrenget, naturopplevingane og dei mange attraktive reiselivstilboda ligg så tett at syklistane på el-syklar når over svært mykje på stutt tid, sier han.

Fredag har han invitert representantar frå reiselivet i Brimiland, ved Lemonsjøen og Sjodalen til prøvesykkeltur i området. I løpet av nokre timar og kilometer på sykkelsetet skal ein innom fleire av bedriftene han skal samarbeide med.

Vidar Glende og Bike & Hike Jotunheimen skal ha base på Lemonsjøen alpinsenter.

Han fortel at alt eigentleg starta i fjor sommar, da han var på besøk i Skogbygda i Vågå.

- Da hadde eg ein fin sykkeltur innover Finndalen. Eg såg meg rundt, og bestemte meg der og da for at her skal eg bu. Det var nesten så eg reiste rett heim og pakka kofferten, seier han.

Vidar Glende som opphavleg er frå Indre Østfold, har nå busett seg i Vågå; på Grov.

Eit møte med tessandingen Øistein Formo var også med å tenne ein gnist til å satse i bygda.

Sommarsesongen er stutt, men Glende fortel at han har planar om å få til noko med sykkel om vinteren også. Da er det Fat-bike som gjeld. Sjølvsagt elektriske.

- Sjodalen hyttetun driv med hundekøyring og der er det hardtrakka løyper som vil vere perfekte å sykle i, seier han.

Vidar Glende kjenner sykkelmiljøet godt. Han har jobba som muskel- og leddterapeut innan idretten, blant anna i teamet til United Bakers.

Dei elektriske stigsyklane har dempegaffel, breie dekk og kraftig elmotor - noko som gjer at ein kjem seg både bortover og oppover på ein lett måte. Her er Vidar Glende på tur langs med Lemonsjøen. Foto: Arve Danielsen