I siste kommunestyremøte vart det vedteke å ikkje gå for modulbygg, men tysdag vedtok formannskapet at saka skal opp til behandling i kommunestyret ein gong til.

Mogunn Synstnes, leiar i Bismo barnehage, orienterte politikarane om det ho såg som fordelane ved å få eit modulbygg inntil barnehagen i Bismo. Ho peikte blant anna på at ein vil få samla sysken, får samla dei fleirkulturelle og får frigjort plassar i andre barnehagar.

Ordførar Elias Sperstad fortalde at administrasjonen, i etterkant av kommunestyremøtet, har gjort eit omfattande arbeid og kome med tilrådingar i høve kva som vil vera mest gunstig for barnehagesituasjonen framover.

– Det vi ikkje kan gjera, er å setja oss i ein situasjon der vi ikkje har barnehageplass til alle. Det er eit enormt dårleg signal til potensielle nye innbyggjarar som ser på Skjåk som ei god bygd å bu i. Vi må hugse at nye innbyggjarar representerer innbyggjartilskot. Somme skal ha det til at modulbygg ser ut som ein konteiner, men slik er det ikkje. I dag tidleg såg eg på ulike modulbygg på nettet, og det er faktisk utruleg gode løysingar. Ørsta kommune har valt modular. Dersom det blir aktuelt, kan det kanskje vera interessant å reise til Ørsta for å sjå, sa han.

Eva Therese Hyrve (Ap) sa seg ikkje heilt samd med ordføraren. Ho fortalde at Skjåk Ap sjølvsagt ynskjer barnehageplass til alle, men signaliserte at det burde kunne finnast kapasitet i barnehagen i Dønfoss.

– Vi er redde for at eit modulbygg i Bismo ikkje blir ei stuttvarig løysing. Omsorgs- og avlastingsbustadene i Skamsargjeilen vart ståande på vent. Dette er ungar som verkeleg treng å prioriterast, ungar som er dei svakaste av dei svake, sa ho.

– Det er redegjort for kvifor Dønfoss ikkje er eit alternativ for å løyse den midlertidige krisa, repliserte rådmann Svein Holen.

Ordførar Elias Sperstad og Odd Joar Ramstad (uavhengig representant) var med i drøftinga av saka, men da det kom forslag om å sende saka til ny behandling i kommunestyret, vart dei to erklært inhabile. Dermed vart det att berre tre representantar til å stemme over saka. Per Lars Lien (Sp) og Edel Kveen (Sp) røysta for å ta saka opp til ny behandling i kommunestyret, medan Eva Therese Hyrve (Ap) røysta mot.