I løpet av inneverande år var det planlagt at Skamsargjeilen i Bismo skulle rivast – og at nye omsorgs- og avlastingsbustader skulle opp på same tomt. Målet var å få alt ferdig i løpet av våren 2019, men kommunestyret valde å avlyse prosjektet slik det låg føre. Årsaka var kostnaden, prosjektet vart nemleg fleire millionar kroner dyrare enn det som var kalkulert. Da kommunestyret valde å avlyse prosjektet, «inntil vidare», som det heitte i vedtaket – bad dei samstundes om at arkitekten skulle finne alternative og billegare løysingar, planar som kan danne grunnlag for ein ny anbodsrunde.

– For å unngå større forseinkingar av prosjektet, er det viktig at arkitekt så fort som mogleg kjem i gang med arbeidet med å finne alternative og billegare løysingar. Det er Arkitektfirma Jon Vikøren AS som har utarbeidd prosjekteringsmaterialet i skisseprosjektet, forprosjektet og totalentreprisegrunnlaget - og det vil vera mest rasjonelt at same arkitektkontor blir engasjert i det vidare arbeidet. Så snart det er utarbeidd alternative løysingar og nye kalkylar, blir byggjearbeida lyst ut på nytt, skriv rådmannen i ei sak som snart blir lagt fram til behandling i formannskapet.

Omprosjekteringa vil koste pengar. Det er per i dag ikkje finansiering til å dekkje desse kostnadene, men det har gjennom fleire år vore avsett midlar på ubunde investeringsfond til framtidig bygging nye omsorgs- og avlastingsbustader i Skamsargjeilen. Rådmannen rår formannskapet til å ta pengane frå dette fondet – ein million kroner – og ber politikarane slutte seg til at det er arkitektfirma Jon Vikøren AS som blir engasjert til å finne ei billegare løysing.