Det er Oppland fylkes trafikktryggleiksutval som nå har løyvd pengar til ulike tiltak. I alt blir det delt ut 2,8 millionar kroner til trafikktryggleik i Gudbrandsdalen.

Tilskota skal brukast til å sikre trafikkmiljø eller åtferd for dei yngste trafikantane.

Lom kommune får 575.000 kroner til vegljos i Brubakken, som blir nytta som skuleveg til Loar skule.

Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja får dessutan 210.000 kroner for å vidareføre arbeidet med ein eigen koordinator for trafikktryggleik i skulane i Nord-Gudbrandsdal.