Norges Geotekniske Institutt (NGI) kartla i 2008 skedfaren i Lom kommune. Da vart det mellom anna konkludert med at faren for skred er stor i Ulstad.

1/333 år

NGI har detaljplanlagt eit sikringstiltak mot skred, fyrst og fremst i form av steinsprang.

– Øvst i bustadfeltet er det 16 bustader der skredfaren er større enn 1/333 år (det er sannsynleg med eit øydeleggjande skred kvart 333. år, journ. merk.), heiter det i tiltaksplanen frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som skal stå for det meste av sikringskostnaden på 31,5 millionar kroner.

Blokker og ur

– Dei øvste husa i Ulstad-feltet ligg tett opp mot fjellsida og tidlegare skredavsetjingar. Det er fleire openberre losneområde i form av berghamrar ovanfor feltet. NGI har observert større enkeltblokker og ur like bak husa i den vestlege delen av feltet, heiter det i planen.

Likevel vurderer ein terrenghellinga slik at blokker som losnar stort sett vil rulle og gå i låge sprang. Stor skog i området blir òg sett på som ein effektiv «brems» på skred og steinsprang.

Voll og gjerde

Tiltaket som skal hindre øydeleggjande skred er ein 450 lang voll av forsterka jordmateriale og eit 70 meter langt steinspranggjerde. Gjerde fordi vanskelege terrengtilhøve gjer eit gjerde mest tenleg.

– Fordelen med ein voll er at han gjev god tryggleik mot alle type skred som måtte koma og at fangstgrøfta bak vollen samlar overflatevatnet på ein god måte. Overflatevatnet skal leiast bort i eksisterande overvassystem.

Turstigar som måtte bli øydelagte under arbeidet skal setjast i stand att og det ferdige anlegget skal vera grønt og vegetasjonskledd.

6,3 millionar for kommunen

Lom kommune skal nå få i stand grunnervervsavtalar og kommunen må betale ein såkalla distriktsandel på 20 prosent for tiltaket. Det vil seia vel 6,3 millionar kroner, som skal finansierast ved lån.

Kommunestyret skal ta stilling til saka torsdag.

Den raude streken illustrerer vollen, den blå gjerdet. Foto: Illustrasjon/NVE