Vidare skal innkøyringa til brua, frå møllesida, utvidast.

Rekkverket vart diskutert i formannskapsmøtet tysdag. Korleis skal det sjå ut?

Ole Kristian Kjosbakken, driftsleiar for vatn og avlaup i Skjåk kommune, synte fram nokre døme på moglege rekkverk som kan veljast. Politikarane uttrykte ynskje om å få eit måla brurekkverk av stål, eit rekkverk som harmonerer godt til den gamle mølla – og som er fint å sjå på frå båe kantar – både utanfrå og for køyrande eller gåande etter sjølve brua.

Dersom alt går som planlagt, blir restaureringsarbeidet starta opp i løpet av hausten.