Meteorologisk institutt melder om spesielt stor skogbrannfare på Austlandet.

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod over heile landet mot opptenning av bål i eller nær skog og utmark.

På grunn av det fine og varme vêret den siste tida, er forbodet utvida til å ikkje berre gjelde opptenning av bål i skog og mark.

I Ottadalen har Vågå brannvesen og Lom og Skjåk brannvesen teke grep, og nå innført totalforbod mot å gjere opp varme utandørs.

– Dette betyr at det ikkje er lov å grille, bruke bålpanne, eingongsgrill eller tenne bål. Du kan heller ikkje bruke eventuelle bålplassar i denne perioden, seier vågåbrannsjef Bjørn Tore Aspen og brannsjef Atle Festervoll i Lom og Skjåk brannvesen.

Dei presiserer at grilling i eigen hage er lov, så lenge ein passar godt på.

Det er ikkje varsla nedbør dei fyrste dagane, og brannfaren vil vera stor fram til det kjem nedbør over ei viss mengde.