Rådmann Svein Holen orienterte formannskapet om saka tysdag.

Stutt sagt handlar saka om eit renoverings- og ombyggingsprosjekt på Skjåkheimen, der Per Hagen AS fekk tildelt kontrakt. Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) har konkludert med at Skjåk kommune har brote forskrifta om offentlege anskaffingar ved å ikkje ha avvist Per Hagen AS i anbodskonkurransen. Rørlegger-Service AS, som var innstilt som nummer to i konkurransen, ville ha vunne konkurransen dersom Per Hagen AS hadde vorte avvist.

I eit brev frå advokatfirmaet Berngaard/Sandbek, som representerer Rørlegger-Service AS, kjem det fram at KOFA meiner feilen inneber ei forskjellbehandling. Det blir peikt på at valde leverandør ikkje tilfredsstilte kvalifikasjonskrava på tilbodstidspunktet og at Skjåk kommune tillot at leverandøren i ettertid knytte til seg ein underleverandør for å tilfredsstille kvalifikasjonskravet om teknisk godkjenning. Det er det, etter anskaffingsreglementet, ikkje adgang til, meiner advokatfirmaet – som har konkludert med at Per Hagen AS fekk kontrakta i staden for Rørlegger-Service AS. Rørlegger-Service AS meiner derfor dei har krav på erstatning, og har sendt Skjåk kommune ei rekning på 328.000 kroner.

Trass i at Skjåk kommune berre fekk 14 dagars frist til å betale rekninga – med beskjed om at brevet var å sjå som eit søksmålsvarsel etter tvistelova dersom rekninga ikkje vart betalt innan fristen – har Skjåk kommune is i magen når det gjeld denne saka.

I formannskapsmøtet tysdag vart saka karakterisert som pussig.

– Vi vil vurdere fleire sider i høve denne saka før det er aktuelt å betale ut nokor erstatning. For det fyrste handla Skjåk kommune etter råd frå Odin Prosjekt, som er vår juridiske ekspertise. Vi hadde grunn til å tru at vi hadde vårt på det tørre, sa rådmann Svein Holen, som fortalde at kommunen, gjennom Odin Prosjekt, arbeider for å få til eit forhandlingsmøte med Rørlegger-Service AS.

– Da er spørsmålet om vi kjem til å møtast på halvvegen, eller kva vi gjer. Dersom Skjåk kommune ikkje imøtekjem kravet, må Rørlegger-Service gå til søksmål – og der er dei ikkje førebels. Men altså: Fyrst blir det forhandlingsmøte.

Ordførar Elias Sperstad uttrykte at han tykte saka var «ei litt kei historie», som han uttrykte det.

– Dette er eigentleg ei pussig sak. Odin Prosjekt AS seier dei er usikre på om regelverket er brote. Det er forunderleg at når vi søkjer råd hjå eit firma som er ekspertar på offentlege anskaffingar – så går vi likevel i baret. Eg lurar på kva ansvar Odin Prosjekt har i denne saka, sa han.

Rådmannen fortalde at Odin Prosjekt har synt til liknande saker som denne, som òg har vore til vurdering i KOFA - men som har fått eit heilt anna utfall.

– Derfor meiner vi det ikkje er sjølvsagt at Skjåk kommune skal måtte betale erstatning. Men fyrst blir det forhandlingar. Dersom det blir prat om søksmål mot Skjåk kommune, må vi vurdere moglegheita for å vinne den saka. Ettersom det er liknande saker som har fått andre utfall, kan jo det vera ein indikator på at vi ikkje har ei så dårleg sak likevel, sa han.