Når flytta du frå Ottadalen?

Eg flytta i 1983 då eg byrja i militæret.

Kva saknar du mest?

Det vert ofte snakka om kor snevert det er i små bygder. Mi erfaring er ikkje slik. På større stader er det lett å søkje mot dei som har same interesser og preferansar som ein sjølv. På ein liten stad må ein ta omsyn seg til dei som er der. Dette gjeld musikksmak, interesser, livssyn og personlegdom. Du er ven med personen og ikkje smaken. Viss du skal høyre på musikk, så må alle få høyre på noko dei likar. Slik vert du eksponert for eitt vidt spekter av musikk og skjønar etterkvart kva dei andre tykkjer er bra med den. Skal det vere fotballag, så må «alle» vere med. Eg hugsar ein gong fotballtreninga og korpsøvinga fall på same tid. Tidene vart endra ein halv time kvar veg, for båe var avhengige av alle ungdomane. Dersom det var nokon eg var skikkelig på kant med, var det ikkje lett å stikke seg unna. Vi måtte forholde oss til kvarandre. Trass i motsetnader, og sjølv om det hende at vi var leie mot kvarandre: Dersom det verkeleg var behov for hjelp, så fanst ho. Alt dette var ein god skule i å vise omsyn. Dette omsynet trur eg er det eg saknar mest.

Kva knyter deg til heimbygda nå?

Nå er det stort sett minner og gode venskap som knyter meg til Lom.

Kva er grunnen til at du busette deg der du bur i dag?

I 1990 byrja eg å studere på Odh, som no heiter Høgskulen i Innlandet. Etter kvart vart det familie og born.

Kva arbeider du med?

Eg er lærar. Som son av to lærarar slo eg tidleg fast at DET skulle eg ALDRI bli. Eg har hatt mange yrker og i relativt vaksen alder fann eg ut at i læraryrket fekk eg bruk for mykje av den tidlegare erfaringa mi. Slik vart det at eg byrja på lærarskulen. No er eg matematikk- og engelsklærar for innvandrarar mellom seksten år og oppover, som ikkje har grunnskuleeksamen frå heimlandet.

Har du ynskje om å flytte attende til Ottadalen, og kva må i så tilfelle til for at du gjer det?

Eg er ein drøymar, og drøymer innimellom om å flytte attende. Lærarar er det vel bruk for der og? Slik livet har vorte skal det likevel mykje til at det skjer.

Kva er ditt beste minne frå Lom?

Her er det mange å velje i! Mange er knytt til Fossheim, der eg som femtenåring rusla inn i resepsjonen for å søkje på jobben dei hadde lyst ut som oppvaskar. Det var ikkje dei som hadde lyst ut jobben, men Fossberg! På Fossheim trong dei ikkje oppvaskar, men dei trong nokon som kunne tysk til å arbeide i resepsjonen. Tysk kunne eg, så da vart det arbeid. Eg vart verande på Fossheim i nær sagt alle helger og feriar i godt over ti år. Etter kvart fekk eg prøvd meg overalt på «huset». I oppvasken og. Det vart ankeret mitt i bygda etter at foreldra mine flytta. Her lærte eg mykje om livet, arbeidslivet, folk og meg sjølv, som eg har hatt god nytte av seinare. Alle eg arbeidde i hop med, og spesielt Solveig og Svein har sett djupe spor.

Er det ein eller fleire ottadølar du saknar spesielt?

Eg er ikkje ofte i Lom, men når eg treff att kjende frå bygda er det nesten som å treffe slekt. Skal eg likevel trekkje fram nokon, så blir det dei på Fossheim, dei eg har spela i hop med og vener frå skulen.

Kva hobbyar og interesser har du utanom jobb?

Musikkinteressa vakna for alvor i Lom og den har gjeve meg mykje både som hobby og yrke. Elles driv eg med taekwondo og trivst godt ute i naturen. Gjerne med eit fotoapparat kring halsen. Dei siste åra har eg og vorte meir glad i å stelle med hus og hage. Teikn på at ein vert vaksen?