Tysdag vedtok Vågå brannvesen å legge ned totalforbod mot å gjere opp eld og open brenning, grunna svært stor skogbrannfare i kommunen.

– Forbodet gjeld for alle typar open eld eller bål i eller i nærleiken av skog og anna vegetasjon. Dette inkluderer også bruk av eingongsgrill, seier varabrannsjef i Bjørn Tore Aspen i ei pressemelding.

Forbodet gjeld også for alle typar av open brenning av kvist, halm, trevirke og anna virke i landbruket, anna næring eller hjå private.

Aspen informerer om at forbodet gjeld med umiddelbar verknad for heile Vågå kommune, og at forbodet gjeld til det blir oppheva.

Vågå brannvesen opplyser at andre type aktivitetar og arbeid som indirekte kan medføre brann kan gjennomførast om det etter nøye risikovurderingar er funne forsvarleg, samt at det blir gjort naudsynte brannførebyggjande tiltak, og at sløkkemiddel finst tilgjengeleg. Dette gjeld tiltak som motorisert aktivitet i skogbruket, kantslått og bruk av skytebaner.

Brannsjef i Lom og Skjåk brannvesen, Atle Festervoll, ser ikkje bort i frå at det kan bli fatta eit liknande vedtak for kommunane Lom og Skjåk på grunn av skogbrannfaren.

– Vi veit at det tørkar fort nå, og reknar med at det blir like tørt i Lom og Skjåk. Per nå er ikkje varselet for skogbrannfare på raudt nivå, men vi fylgjer med og vurderer heile tida situasjonen, seier Festervoll.

Han fortel at det blir teke ei ny vurdering onsdag morgon, og at det da kan bli aktuelt å innføre same vedtak som Vågå brannvesen har gjort.