Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal har vorte kontakta av ein pendlar med spørsmål om korleis han kan koma seg til Oslo sundag 27. mai. Det går ikkje tog på grunn av arbeid på toglina, og NSB tilbyr ingen alternativ transport.

Regionsjef Frode Damstuen har referert spørsmålet frå pendlaren for ordføraranekollegiet i regionen, og dei stiller spørsmål kva NSB og Bane Nor kan bidra med for å løyse saka.

Plansjef Asle Norbotten i NSB Nord skriv i sitt svar at Bane Nor denne sundagen arbeider mange stader på Dovrebanen samstundes, og at dette i praksis betyr at strekninga mellom Trondheim og Eidsvoll er stengt.

- Brotet er denne gong så omfattande at NSB ikkje har funne gode løysingar for alternativ transport for våre kundar denne dagen. Vi har difor bestemnt at det ikkje skal seljast billettar, og heller ikkje setjast opp alternativ transport for våre tog denne dagen, skriv Norbotten i sitt svar.

Plansjefen skriv at den stengte strekninga er på 48 mil, og alternativ transport for fjerntogent ville ført til store forseinkingar og eit redusert komforttilbod for dei reisande.

- I tillegg blir det seld svært fåe billettar når togbana er stengt, skriv Norbotten.

Han skriv vidare at NSB kommuniserer i sine kanalar at det ikkje er sett opp alternativ transport denne dagen.

- Fjerntoga på dagtid mellom Trondheim og Oslo er drive på reint kommersielt grunnlag og blir ikkje omfatta av avtalen mellom Jernbanedirektoratet og NSB om kjøp av persontransporttenester. Dette betyr også at det ikkje er gjeve bidrag for å setje opp alternativ transport, skriv Norbotten i si forklaring til regionsjefen.