Mange gudbrandsdølar reiste ut på kvalfangst heilt frå tidleg på 1900-talet til «eventyret» var over i 1968.

Per Ottesen som skreiv boka «Dølar på kvalfangst» har registrert cirka 250 mann frå dalen som reiste på kvalfangst i Antarktis.

Sju av desse kom altså frå Lalm. Sju småbrukarsøner frå området rundt Eidefossen i Ott’dale’.

Å reise på kvalfangst i Sørishavet var ingen spøk for heimekjære dølar. Karane var borte frå oktober til mai.

Arbeidsplasssen deira var ombord i ein kvalbåt så langt borte frå heimbygda som det gjekk an å koma.

Det var svært mange frøningar som reiste på kvalfangst. For dei tok kvalfangareventyret til for fullt i 1949.

Det skulle gå over ti år før fyrste lalmingen sette sjøbein ut frå kysten av Noreg med kurs mot Sørishavet.

Dei sju som reiste frå Lalm var Pål Eide, Olaf Eide, Knut Løkken, Per Løkken, Arne Ulsletten, Tor Ulsletten og Lars Kleiven.

I dag er det berre Lars Kleiven og Tor Ulsletten som lever av dei sju.

Alle lalmingane mønstra på i selskapet Christian Salvesen & Co i Tønsberg., og båtane Southern Venturer og Southern Harvester.

Den lange reisa starta med buss frå «Foss-rampa» til Otta og tog vidare. Sjølve båtreisa frå Tønsberg til Sør-Georgia vara ein månad.

Her fekk karane stifte kjennskap med sjøsjuka.

– Eg spydde berre eg køyrde buss frå Lalm til Vågå, seier Lars med eit smil.

På den lange reisa var båtane innom Aruba i Sør-Amerika. For Gudbrandsddølane var dette eit tropisk møte med billig sprit, eksotisk frukt og andre ting.

Ombord i båtane var det forbode med alkohol, men mannskapet fekk tildelt ein desiliter rom kvar fjortande dag.

Tor som berre var 15 år gamal da han reiste ut, var for ung til å få servert alkohol.

Han fortel at han var med på land i Aruba og at det var somme av reisekameratane som vart fulle. Ein som prøvde å lure med seg ei flaske ombord i båten, vart stoppa av vakter og fekk valet om å helle ut innhaldet eller å drikke det opp før han gjekk ombord.

– Ein kan vel seie det slik at innhaldet i flaska vart med ombord, seier Tor.

Nokre av lalmingane på tur nedover eitt år, vart akterutseilt i Aruba. Dei fekk skyss med ein annan båt, men vart trekt i løn for denne transporten.

Dei yngste fekk oftast arbeid i messa, slik også med Tor. Han var ombord på Southern Venturer og hadde ansvar for å servere tolv karar som arbeidde i maskinen. På kvart skift som var på tolv timar, vart det servert tre måltid.

– Maten var god ombord. Det vart kanskje for mykje bakalao, men saltakjøtet som var lagra i tønner, var godt, seier Tor.

Han fortel at ved servering av rasjonen med rom, måtte han melde frå til stuerten om kor mange glass han skulle ha. Tor hadde tolv personar han skulle servere, men plussa på til 16. Dermed fekk han fire rasjonar med rom sjølv. Men det skulle straffe seg.

Ein del av kameratene fekk greie på dette, og ein dag kom dei på lugaren hans og braut opp klesskapet og tok romen som Tor hadde lagra på brukte ketchup-flasker.

Det var jul ombord også. På julekvelden var det to timar fri for å feire jula. Da var det god mat, ei flaske øl og ein dram.

Svært mange av gudbrandsdølane arbeidde på dekk med partering av kval eller under dekk med koking av spekk og kjøtt, separering av kvalolje, produksjon av kjøttekstrakt og beinmjøl.

Lars Kleiven arbeidde på dekket som jollegut. Jolleguten rodde ikkje båt, men var den som styrte med sneller og drog ut wire til vinsjane. Dette var ein svært tung jobb og passa best dei som var unge og sterke.

Mange jobbar var organisert som lagarbeid. Eitt flenselag bestod av to flensarar og to jollegutar. Lemmelaget bestod av to lemmarar og ein jollegut.

Jolleguten var den på dekk som var lågast på rangstigen.

Lars Kleiven fortel at han treivst som jollegut. Han var ute to sesongar på Southern Harvester.

Dei som var mest synlege på kvalkokeria var dei som arbeidde på dekk med nedskjering av kvalen. Dei hadde eit spesielt arbeidsmiljø der karane vassa i blod, spekk og kjøtt, innmat og store dyngar med blekksprut, reker og krill.

– Tunga til blåkvalen var ekkel å trakke på. Den var seig og geleaktig, seier Lars.

Han fortel at dei som arbeidde på dekk måtte ha sko med grove piggar under hælane for å kunne gå tryggare i klinet.

Det kan vere vanskeleg å førestille seg korleis dette arbeidet var. Her var vinsjar og wirer, skodde og damp, is og uvêr, lukta av kval og uroleg sjø under føtene.

Kvalkokeria var eit effektiv slakteri. På eit 12-timers skift skar dei ned og kokte 10-12 kvalar.

Spøkefullt har det vore sagt at dei brukte like lang tid på ei partere ein kval som ei husmor brukte på å reinske ein makrell.

Kvart kokeri hadde 10-13 kvalbåtar – skyttarbåtar, som forsynte kokeria med råvarer. Kvalbåtane kom vanlegvis til kokeriet med fangsten, men kokeria følgde også skyttarbåtane sine på feltet.

På spørsmål om uvêr, fortel Lars om ein orkan - den styggaste på 27 år i Sørishavet.

– Da la kvalkokeriet seg i ly bak eit isfjell slik at arbeidet kunne fortsetje. Ein gong låg oss bak eit isfjell som var 15 kilometer langt, seier Lars.

Dekket på eit kvalkokeri var ein farleg arbeidsplass med lange sagblad som surra, wirer og vinsjar som kunne slå ein over ende. Ein måtte passe seg ekstra godt for at ein ikkje datt ned i hola over kjelane som koka spekket og kjøtet, eller kjøttkverna som vart kalla «rosa».

I sesongane medan lalmingane var på kvalfangst, var det ingen alvorleg ulykker. Men ei hending sit likevel att i minnet etter snart 57 år. Ein ung kvamvær døydde av hjartesvikt under ein fjelltur, og han vart gravlagt ved Leith Harbour.

Kvamværen arbeidde på same båt som Tor; Southern Venturer. Før gravferda måtte båten gå ut frå hamna for å gje plass til systerskipet Southern Harvester. Båten som Lars var på.

Dermed fekk ikkje arbeidskameratane vere med i gravferda. Men det var dølar på båten til Lars også, slik at kvamværen fekk følgje av sambygdingar til grava.

Løna var god . For åtte-ni månaders arbeid fekk dei utbetalt ti-tolv tusen kroner.

Lars og Tor fortel at det ikkje var alle som hadde att så mykje når dei kom heim att. Det kosta å vere kar.

Dagen etter at Lars kom heim att etter kvalfangst i Sørishavet, vart han med på tømmerfløyting i Ottaelva. Ein stor kontrast.

Kvart kokeri hadde 10-13 kvalbåtar - skyttarbåtar, som forsynte kokeria med råvarer. Foto: Privat