Prestegarden i Skjåk, Marlo, har husa prestar i bygda sidan før Lom og Skjåk vart to herad eller kommunar. Det vart bygt i 1864*, restaurert 100 år seinare og har etter den tid gjennomgått noko modernisering.

Etter at soknepresten flytta ut, har bygget meir eller mindre stått tomt. Det fungerte nokre månader som asylmottak for mindreårige, og skal nå fungere som mellombels bustad for funksjonshemma ei tid.

– Huff, noko så fælt seier Marit om hus og hage da vi er på ein aldri så liten ekskursjon for å ta barndomens paradis i nærare augesyn.

Hagen er ikkje akkurat velstelt og huset hadde meir enn gjerne teke imot eit strok måling.

Det var annleis i og rundt prestgarden da Marit Andberg (86) vaks opp saman med brørne Nils, Bjarne og Per.

– Far (sokneprest Nils Andberg, journ merk,) var flink i hagen. Det var mykje her, både av grønsaker og blomar. Nå er det stussleg å sjå, seier Marit.

Det var mange ungar rundt Marlo, skulen låg like ved og det var leik og moro.

– Alle hamna nede hjå oss og vi var ofte «på tokt» rundt i grenda. Vi måtte ha med oss veslebror Per og det var ikkje støtt like løye.

Under okkupasjonen (1940-45) tok tyskarane meir eller mindre over styringa av prestegarden, og soknesprest Andberg måtte overlate kontoret til tyske offiserar.

– Eg hugsar spesielt godt ein gut, han var berre 16 år og skulle ta seg av hestane til tyskarane. Han leikte seg på kjøkengolvet med Nils og Bjarne. Eg hugsar òg at han gret og lengta heimatt.

Marit var åtte år da krigen byrja og okkupantane inntok bygda.

– Tyskarane var ikkje leie, og det er vel ikkje sikkert dei hadde noko lyst til å vera her. Mange av dei var gutungar og dei vart tukta til teneste i eit framandt land. Likevel hugsar eg at eg reagerte da krytyra vart jaga ut av fjøset slik at det berre skulle vera øyk inni der.

Andre minne frå okkupasjonens dagar var at det kom folk på besøk. Enkelte som Marit ikkje minnest med glede.

– Eg hugsar godt når det kom emissærar. Pakk var det. Dei kom og åt og la seg til. Ikkje hadde dei med seg rasjoneringskort og far hadde ikkje noko løn under okkupasjonen, for han ville ikkje vera nokon nazi-prest. Difor kunne det somme gonger vera låkt med både det eine og det andre.

Det hende seg at det var låkt med skilling og bror Nils måtte hjelpe far deira.

– Oppi Aualehaugen var det ofte festivitas og kortspel. Etter slike hendingar, var det ofte at Nils stakk seg dit. Han fann nemleg skilling der, og eg hugsar ein gong at far måtte låne pengar av han. Eg trur ikkje far spurte kvar han hadde fått tak i kronene.

I 1949 flytta familien til Gausdal, der mor til Marit, Sigrun, kom frå. Andberg fekk prestestilling der. Same året var det verdsspeidarleir i Skjåk.

– Eg kunne engelsk og sto i pysjbua hans Magnus Brenna. Det var ei stor oppleving med mykje halloi.

Barndomen i Marlo var over. Etter at familien flytta til Gausdal tok syskena etter kvart utdanning og etablerte seg utanfor Skjåk.

Marit vart sjukepleiar og arbeidde både i Oslo og på Lillehammer før ho i vaksen alder flytta attende til Skjåk og Garvarstugu, ein plass bestefar til Marit hadde kjøpt i 1924 og som faren seinare overtok.

Barndomen og leiken i hagen i Marlo er gode minne for Marit.

* Opplysning frå Norske gardsbruk, hjå Opplysningsvesenets fond, som eig prestegarden, er byggeåret oppgjeve til 1866.